Erdal tok gull i ungdoms-VM i skiskyting

(NPK-NTB): Karoline Erdal var best på sprinten i ungdomsklassen i junior-VM i skiskyting i Romania. Emilie Ågheim Kalkenberg sørgde for dobbelt norsk.

Erdal var suveren både i løypa og på standplass. Førde-jenta bomma éin gong, men det var nok til å sikre gullet med 28,5 sekund ned til Kalkenberg, som hadde like mange bom.

Ågheim Kalkenberg tok sølvet med fire sekunds margin til ukrainaren Anna Kryvonos. Kristina Skjevdal vart nummer 13.

I ungdomsklassen for menn vart det sølvmedalje til Endre Strømsheim frå Bærums Skiklub. Strømsheim skaut ti blanke treff på standplass og var berre slått av russaren Igor Malinovskii. Sistnemnde tok gullet med 26,3 sekunds margin til nordmannen.

– Det var herleg å kjenne at skia sat skikkeleg godt. Og i år har skytinga verkeleg losna, sa Strømsheim.

VM i skiskyting for ungdom og juniorar går føre seg i Chile Gradistei i Romania. (©NPK)

Annonse