Møre

Sivile skal ha vorte drepne under Tyrkias bombing i Nord-Syria

Kurdarane i det nordlege Syria seier at to sivile er drepne under dei tyrkiske flyangrepa mot ei rekke mål i grenseområdet.

President Recep Tayyip Erdogan opplyste onsdag at tyrkiske styrkar har starta den lenge varsla militæroffensiven mot den kurdiske militsen nord i nabolandet Syria.

Den syriske opprørsalliansen SDF, som i hovudsak består av kurdiske grupper, seier onsdag kveld at to sivile har vorte drepne og at fleire er skadde i fleire angrepsområde. Det sivile og militære koordineringssenteret til SDF seier at 25 tyrkiske kampfly var med i den første fasen av offensiven mot i alt 16 mål i det utstrekte grenseområdet.

Erdogan sa at formålet med offensiven er å øydelegge det han kalla terrorkorridoren som det er gjort forsøk på å opprette langs den sørlege grensa mot Tyrkia, og å skape fred i regionen.

Angrepa skal ha konsentrert seg om områda Ras al-Ayn, Tell Abyad, Qamishli og Ain Issa. Journalistar og andre augnevitne fortalde om fly i lufta og eksplosjonar på syrisk side.

CNN Turks journalist i området fortel at det stig røyk opp frå fleire bygningar i Ras al-Ayn, som blir kontrollert av den kurdiske YPG-militsen. Tapet av sivile liv skal ha skjedd i nettopp denne byen.

Protestar

Offensiven har utløyst protestar frå ei rekke land og organisasjonar. FN har varsla krisemøte i Tryggingsrådet. Leiaren i EU-kommisjonen, Jean-Claude Juncker, krev at Tyrkia stansar offensiven.

Juncker seier at EU ikkje vil bidra med pengar til opprettinga av noka form for såkalla trygg sone i dette området.

- Eg ber innstendig Tyrkia og andre aktørar om å tenke seg om og stanse alle operasjonar som er i gang, sa Juncker i ein tale i EU-parlamentet.

Den franske regjeringa seier at dei saman med Tyskland og Storbritannia arbeider med ei felles fråsegn «som kjem til å vere ekstremt tydeleg» om at dei fordømmer offensiven i Syria på det sterkaste.

Det tyrkiske forsvarsdepartementet opplyser at USA, Russland og EU vart informerte om angrepa vel to timar før dei starta. Det gjaldt òg Tyskland, Frankrike og Storbritannia.

Åtvaring

Erdogan sjølv ringde til president Vladimir Putin for å orientere om planane sine. I ei fråsegn frå Kreml heiter det at Putin bad Erdogan tenke seg om to gonger så han ikkje starta noko som ville skade arbeidet med å løyse krisa i Syria.

Tyrkia skuldar YPG for å vere ein arm av den kurdiske PKK-geriljaen, og det er kjent at ei stor mengde PKK-soldatar har kjempa saman med militsen i Syria. Tyrkia har både PKK og YPG på terrorlista si.

Erdogan har tidlegare kunngjort at Tyrkia aktar å opprette ei såkalla trygg sone langs grensa, der den kurdiske militsen ikkje får tilgang og dei syriske flyktningane som i dag er i Tyrkia, skal busetjast.

Menneskelege skjold

Både på tyrkisk og syrisk side har det dei siste dagane vore styrkeoppbygging, og den kurdiske administrasjonen i det nordlege og austlege Syria kunngjorde onsdag generell mobilisering.

SDF kom samtidig med ei klar oppmoding til lokalbefolkninga i området.

- Sivile må komme til grensa, gjere si moralske plikt og yte motstand, var bodskapen.

Ifølgje Berivan Xhaled, som er nestleiar i den kurdiske administrasjonen i Ain Issa, har mange innbyggarar i området alt følgd oppmodinga og etablert ein protestleir éin kilometer frå grensa. Der skal dei fungere som menneskelege skjold mot tyrkiske styrkar.

På tyrkisk side har det òg vore mobilisering dei siste dagane, og ifølgje det statlege tyrkiske nyheitsbyrået Anadolu kom onsdag ein kolonne med rundt 100 militære køyretøy til Akcakale-distriktet, berre seks kilometer frå den syriske grensebyen Tell Abyad.

Tusenvis av syriske militssoldatar som blir støtta av Tyrkia, deltar i den tyrkiske militæroffensiven mot den kurdiske YPG-militsen nord i Syria. Foto: AP / NTB scanpix

Opprørsalliansen SDF, som i hovudsak består av soldatar frå den kurdiske YPG-militsen, har dei siste dagane mobilisert langs grensa før den lenge varsla tyrkiske militæroffensiven. Onsdag starta Tyrkia offensiven. Foto: AP / NTB scanpix

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan kunngjorde onsdag at den lenge varsla militæroffensiven mot den kurdiske militsen nord i Syria, var starta. Kort tid etter gjekk tyrkiske kampfly på vengene. Foto: AP / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...