Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters): Den tyrkiske presidenten seier Russland og det syriske Assad-regimet må haldast ansvarlege for drap på 400.000 menneske i Syria.
npk@npk.no
Publisert: 05.02.2016 kl 19:27
– Russland er involvert i ein invasjon i Syria, sa den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan på ein pressekonferanse i Istanbul fredag.
– Russland må haldast ansvarleg for menneska dei har drepe innanfor dei syriske grensene, der talet drepne menneske no har passert 400.000, sa han vidare.
Borgarkrigen i Syria starta i mars 2011 og har dermed snart gått føre seg i fem år. Ifølgje tal frå FN, frå august 2015, er 250.000 menneske drepne i krigen, medan berekningar frå eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) frå oktober, viser eit dødstal på opp mot 340.000. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.