Erdogan sende brev til Putin

(NPK-NTB-AFP): Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan har sendt eit brev til den russiske kollegaen sin Vladimir Putin i samband med den russiske nasjonaldagen.

Dette er den første kontakten mellom dei to leiarane sidan tyrkiske styrkar skaut ned eit russisk kampfly på grensa mellom Tyrkia og Syria i november 2015.

– Vi stadfestar medierapportar om at presidenten har sendt eit brev til den russiske presidenten Vladimir Putin i høve den russiske nasjonaldagen, seier ein tyrkisk tenestemann.

Russlands nasjonaldag var søndag 12. juni. (©NPK)

Annonse