Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP-AFP): Tyrkias president og Jordans konge blir blant ei lang rekke politikarar, religiøse leiarar og kjendisar som tar farvel med bokselegenda Muhammad Ali i USA denne veka.
npk@npk.no
Publisert: 06.06.2016 kl 16:21
Alis familie har invitert til ei offentleg gravferd i Alis heimby Louisville i delstaten Kentucky fredag.
På talarlista står blant andre Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan, kong Abdullah av Jordan, USAs tidlegare president Bill Clinton og skodespelar og komikar Billy Crystal.
Det opplyste Ali-familiens talsmann Bob Gunnell på ein pressekonferanse måndag.
Representantar frå ei rekke trussamfunn, inkludert islam, jødedommen, kristendommen, buddhismen, katolisismen og mormonane skal også tale i gravferda.
Muhammad Ali døydde fredag på sjukehus i Phoenix, Arizona, etter langvarig kamp med Parkinsons sjukdom. Han vart 74 år gammal.
Torsdag skal Alis familie først ta farvel med bokselegenda med ein muslimsk bønneseremoni. Dagen etter skal Alis kiste, som kom til Louisville i eit privatfly søndag, berast gjennom bygatene i ein prosesjon som boksaren sjølv planla for fleire år sidan.
Muhammad Ali vert rekna som ein av dei beste boksarar gjennom tidene, men han er også blitt hylla som ein stor forkjempar for sosial rettferd. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.