Annonse

Erdogan utvidar terrorisme-definisjonen

(NPK-NTB-Reuters): Folk som støttar terrorisme, er like skuldige som dei som står bak terror, meiner den tyrkiske presidenten Tayyip Recep Erdogan. Han tek til orde for ei lovendring som femner breitt.

– Det er ikkje berre personen som trykkjer på avtrekkaren, men også dei som la til rette for han, som bør definerast som terroristar, uansett kva for ein tittel dei har, sa Erdogan måndag ettermiddag.

Han la til at det gjerne kan vere snakk om journalistar, parlamentsmedlemmer eller andre samfunnsaktørar.

Uttalene kom dagen etter at 37 menneske blei drepne i eit sjølvmordsangrep i Ankara. (©NPK)

Annonse