Klargjør siden...

Eriksen vurderer framtida: – Ei vanskeleg avgjerd

Christian Eriksen har hatt ein triveleg vår i Brentford-drakta, men er ikkje sikker på kvar han held fram karrieren etter sesongen.

Måndag kveld var dansken med på å tape 0-3 mot Manchester United i Premier League, men det skal nemnast at Brentford har vunne fem av dei sju kampane Eriksen har starta for klubben.

Brentford og den danske manageren til laget, Thomas Frank, ønskjer å behalde sin nye playmaker, men Eriksen har framleis ikkje bestemt seg for kvar han skal spele frå sommaren av.

– Det er sjølvsagt ei vanskeleg avgjerd. Det er det alltid. Som eg òg har snakka med Thomas om, er det pluss og minus, og dei skal vektast opp mot kvarandre. Det skal òg vere ei felles avgjerd med familien om kva som skal skje, både fotball- og familiemessig, seier Eriksen til danske TV3.

– Det har vore fantastisk. Det er ein utruleg varm klubb som har teke meg godt imot frå dag éin. Eg har vorte raskt integrert, og det er akkurat slik eg kunne drøyme om då eg skreiv under, seier han om perioden i Brentford.

På ryktebørsen blir Eriksen kopla til mellom anna nyrike Newcastle og gamleklubben Tottenham. Frank kjem til å gjere det han kan for ikkje å miste 30-åringen.

– Eg er alltid positiv. Eg har heile tida trudd at vi har ein god sjanse til å behalde han. Eg veit at han trivst her og nyt å spele fotball. Avgjerda blir teken på slutten av sesongen, seier Brentford-sjefen.

(©NPK)

Christian Eriksen vurderer nøye om han skal halde fram med å spele i Brentford neste sesong. Foto: Frank Augstein / AP / NTB

Annonse