Haaland framleis ikkje speleklar for Manchester City – ikkje med borte mot Everton

Erling Braut Haaland slit framleis med skaden i foten som har plaga han dei siste vekene. Jærbuen er dermed ikkje med mot Everton onsdag kveld.

Det kjem fram av Manchester Citys lagoppstilling.

Haaland har slite med ein belastningsskade i foten den siste tida og mista fem City-kampar. Dermed var han heller ikkje ein del av City-laget som vann klubb-VM førre veke.

Jærbuen er heller ikkje med borte mot Everton, når City stiller med følgjande startellevar: Ederson – Kyle Walker, John Stones, Manuel Akanji, Nathan Aké – Rodri, Matheus Nunes, Bernardo Silva – Phil Foden, Jack Grealish, Julian Alvarez.

Norske Oscar Bobb startar kampen på benken.

City er avhengig av ein siger borte mot Everton for å ikkje falle frå i gullkampen. Før kampen onsdag ligg Haaland & co. på 5.-plass på Premier League-tabellen, åtte poeng bak serieleiar Liverpool, som har spelt to kampar meir.

(©NPK)

Erling Braut Haaland er ikkje med mot Everton. Foto: Manu Fernandez / AP Photo / NTB.

Annonse