Klargjør siden...

Erling Knudtzon ferdig i Molde – gjer comeback i Lillestrøm

Erling Knudtzon forlengjer ikkje med Molde når kontrakten går ut ved årsskiftet. 35-åringen er klar for Lillestrøm.

Det skriv Molde i ei pressemelding.

– Eg har hatt fem fantastiske år i Molde, og har trivest veldig godt både i byen og klubben. Her har eg fått minne og venner for livet. Eg er stolt og fornøgd med det eg oppnådde i Molde. Men det er sjølvsagt trist at det er over, seier Knudtzon.

Angrepsspelaren gjorde i januar 2019 overgang frå nettopp Lillestrøm til Molde, der han har notert seg for 11 mål og 20 målgivande på 167 kampar.

(©NPK)

Erling Knudtzon er klar for Lillestrøm.
Foto: Astrid Pedersen / NTB / NPK

Annonse