Klargjør siden...

Erling Lae ny styreleiar i Norsk Friluftsliv

(NPK-NTB): Erling Lae (69) tek over som styreleiar i Norsk Friluftsliv etter Dag Kaas.

– Det er ikkje oljeformuen, eller for den saks skyld dei gode velferdsordningane våre som er det store ved Noreg. Det er moglegheita vi absolutt alle har til allsidig friluftsliv, uansett kvar vi bur. Som styreleiar vil eg stå opp og slost for desse kvalitetane, og eg vil vere ein samlande leiar for breidda av medlemsorganisasjonane, seier Erling Lae, som om kort tid fråtrer stillinga som fylkesmann i Vestfold.

Norsk Friluftsliv representerer 16 norske frivillige friluftslivsorganisasjonar med over 900.000 medlemskap, og jobbar for å fremje eit allsidig, enkelt og naturvenleg friluftsliv for alle. (©NPK)

Annonse