Annonse

Erna Solberg: – Kjernekraft er ikkje svaret

Straumkrisa har gitt kjernekraft vind i segla. Men Høgre-leiar Erna Solberg trur ikkje denne omstridde energiløysinga vil hjelpe Noreg no.

– Eg trur ikkje at kjernekrafta er svaret på dagens utfordringar i norsk kraft. For det tek for lang tid før vi har det. Spørsmålet er om vi skal bruke mykje tid og ressursar på det, seier Solberg til NTB.

Mange i partiet hennar vil at landsmøtet som går føre seg denne helga, skal heie fram kjernekraft. Fredag behandlar landsmøtet ein resolusjon om energi. Partileiaren sjølv er ikkje imot kjernekraft, men heller ingen ivrig forkjempar.

– Det er ei lita fallitterklæring for Noreg om vi må ha kjernekraft fordi vi ikkje klarer å få til andre kraftformer, for vi har enormt kraftpotensial frå vind og sol og alt mogleg anna.

(©NPK)

Diskusjonen om kjernekraft har fått ny fart på grunn av dei høge straumprisane og utsiktene til kraftmangel i Noreg. Biletet viser atomkraftverket Grohnde ved Emmerthal i nordvestlege Tyskland. Arkivfoto: Halvard Alvik / NTB