Klargjør siden...

Erna Solberg: – Putin bør prøvast som krigsforbrytar

Høgre-leiar Erna Solberg meiner Vladimir Putin høyrer heime i retten. Men ho vil ikkje gi den russiske presidenten merkelappen krigsforbrytar no.

– Eg meiner Putin bør prøvast som krigsforbrytar, seier Solberg til NTB.

Diskusjonen om kva merkelapp Putin skal få, har oppstått etter at USAs president Joe Biden onsdag fastslo at Putin er ein krigsforbrytar. Kreml reagerte ved å fordømme uttalen som uakseptabel og utilgiveleg.

Då statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vart konfrontert med Bidens uttale dagen etter, svarte han at han ikkje vil dele ut den typen merkelappar no. Det er ei haldning Solberg støttar.

– Det å konstatere at nokon er ein forbrytar, det gjer du etter at dommen er fallen. Men han bør prøvast for det, og dei i Russland som er ansvarlege for angrepa, bør prøvast for det, seier Solberg.

Ho meiner det er openbert at angrepa på den sivile infrastrukturen i Ukraina er i strid med reglane i krigen.

– Vi konstaterer ikkje at nokon har brote ei internasjonal lov før dei er dømde for det, fastslår Solberg.

– Men alt tyder på det, og han bør prøvast som krigsforbrytar.

Delte meiningar

Hos andre parti på Stortinget er meiningane delte.

Venstre-leiar Guri Melby er ikkje i tvil.

– Putin er ein mordar og ein krigsforbrytar. Dette er medvitne angrep på sivile mål, seier ho til NTB.

Ho meiner Støre bør få grunngi sjølv kvifor han ikkje vil bruke slike ord.

– Dette er også ein krig om kva som er sanninga. Eg meiner at orda må ha si betydning, og at eit krigsbrotsverk er nettopp det – også når krigsforbrytaren har kontroll over det største atomarsenalet i verda.

Også KrF-leiar Olaug Bollestad er blant dei som no vel å kalle Putin ein krigsforbrytar.

– Vi må kalle ein spade for ein spade. Her er det 3 millionar menneske på flukt. Det er tusenvis av ungar som kjem over grensene kvar einaste dag, seier ho.

Heller ikkje Frp-leiar Sylvi Listhaug er i tvil.

– Eg synest den amerikanske presidenten seier det som det er, seier ho.

Lysbakken forstår Støre

Partileiaren i SV, Audun Lysbakken, er derimot meir varsam.

– Amnesty har dokumentert brot på internasjonal humanitær rett frå russiske styrkar i Ukraina. Dette kan utgjere krigsbrotsverk, seier Lysbakken.

– Det at statsministeren ventar med å erklære han som krigsforbrytar til juristane har slått dette fast, har eg likevel forståing for. Putin har uansett det politiske og moralske ansvaret for svært mange drepne, ufatteleg stor liding og enorme øydeleggingar, seier han.

Ifølgje Lysbakken er det no svært viktig at folkerettsbrot og krigsbrotsverk blir dokumenterte, slik at dei ansvarlege kan stillast for ein internasjonal domstol.

Peikar mot Haag

Støre sjølv forsvarer avgjerda om å avstå frå merkelappen krigsforbrytar.

– Rekkja av nemningar som vi no kan byrje å gi dei som er ansvarlege for denne krigen, er lang, seier Støre til NTB.

Ifølgje han er det ingen tvil om at det som skjer i Ukraina i dag, er brot på folkeretten.

– Det er heilt klare teikn på at det også er krigsbrotsverk når ein angrip sivile mål som ikkje kan verje seg, og som til og med har merka at dei er sivile mål. Politiske og militære leiarar som er ansvarlege for det, dei er ansvarlege for krigsbrotsverk, seier Støre.

– Men det å bli dømt som krigsforbrytar skjer ofte gjennom tribunal – Haag-domstolen eller andre domstolar. Så kan ein trekkje konklusjonar ut frå det, seier han.

– Høyrer Putin heime i Haag?

– Eg håpar at slike krigar som dette også får eit rettsleg etterspel, seier Støre.

– Men det viktige no er at det militære overgrepet stoppar, at det kjem ei forhandla løysing, og at sårbare kjem ut.

(©NPK)

Høgre-leiar Erna Solberg er til liks med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) tilbakehalden med å bruke merkelappen krigsforbrytar om Russlands president Vladimir Putin. Foto: Annika Byrde / NTB

Annonse