Erna Solberg skuldar Senterpartiet for å vere mot alt i klimapolitikken

Statsminister Erna Solberg forsvarer avgiftsaukane i klimapolitikken og skuldar Senterpartiet for populisme.

- Eg saknar å høyre Senterpartiets klimapolitikk for tida. Eg høyrer ikkje noko dei vil gjere. Dei er mot alle tiltak som resten av Stortinget meiner er nødvendige for å få det til, og så har dei lett populistiske angrep på dei tiltaka, sa statsminister Erna Solberg (H) då ho møtte til munnleg spørjetime i Stortinget onsdag.

Skattlegging er heilt nødvendig for å få ned utsleppa, heldt ho fast på.

Kraftsalva kom som svar på kritikk frå Senterpartiets leiar Trygve Slagsvold Vedum om at avgiftene «aldri har vore høgare i Noreg enn no». Han viste til at avgiftene har auka med 6,3 milliardar kroner etter at dei borgarlege kom til makta.

Vedum gjekk spesielt til angrep på regjeringsforslaget om å innføre full vegbruksavgift på biodiesel i budsjettet for neste år. NHO har berekna at avgifta kan føre til auka utslepp av klimagassar på 700.000 tonn i året, påpeika Vedum.

Solberg viste til at formålet med avgifta er å avgrense bruken av biodrivstoff basert på palmeolje.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg (H) møtte onsdag til munnleg spørjetime på Stortinget. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix