Klargjør siden...

Eskås blir første norske Champions League-dommar på nesten sju år

Ein norsk dommarkvartett har fått jobben med å dømme Champions League-kampen mellom Leipzig og Celtic onsdag.

Espen Eskås frå Bækkelagets Sportsklub får med seg Jan Erik Engan og Isaak Elias Bashevkin som assistentdommarar til meisterligaoppgjeret. Svein Oddvar Moen er sett opp som fjerdedommar.

Det er første gong sidan Moen dømde Champions League-kampen mellom Gent og Wolfsburg 17. februar 2016 at ein norsk dommar leier ein kamp i Europas beste klubbturnering.

Eskås dømde i førre runde i Europa League kampen mellom Monaco og Ferencvaros.

Aftenposten omtalte saka først i Noreg.

(©NPK)

Espen Eskås er hovuddommar under meisterligaoppgjeret mellom Leipzig og Celtic.
Foto: Mats Torbergsen / NTB

Annonse