Annonse

Espen Eskås dømmer cupfinalen

Espen Eskås frå Bækkelaget skal dømme cupfinalen mellom Haugesund og Viking på Ullevaal 8. desember.

- Det er utruleg moro å bli utnemnt til å dømme cupfinalen 2019. Dette har vore eit mål og ein draum å strekke seg etter i lang tid. Cupfinalen er den største kampen i Noreg. Det blir fantastiske rammer med eit fullsett Ullevaal. Heile teamet gleder seg masse til kampen, seier Espen Eskås.

31-åringen debuterte som hovuddommar i Eliteserien i 2015 og har dømt totalt 77 eliteseriekampar. Han har vore Fifa-dommar sidan 2017, og i år har han mellom anna dømt finalen i U17-EM og hatt oppdrag i både EM-kvalifiseringa og Europaligaen.

Med seg på linjene får Eskås duoen Anders Olave Dale frå Nordre Holsnøy og Runar Langseth frå Kolstad. Rohit Saggi frå Drafn blir fjerdedommar og Ridabus Ole Andreas Haukåsen femtedommar.

(©NPK)

Espen Eskås frå Bækkelaget skal dømme NM-finalen mellom Haugesund og Viking. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix