Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Skodespelar Espen Skjønberg vart onsdag bisett i Oslo. Han vart 98 år gammal.
oda.ertesvag@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 07.09.2022 kl 14:01
Espen Skjønberg var ein av Noregs største, mest produktive og mangfaldige skodespelarar. Han har spelt over 70 roller ved Nationaltheatret, har medverka i over 40 filmar og har vore med i fleire TV-seriar.
Skjønberg hausta også internasjonalt ry og spelte teater både i USA og England. På 1980-talet vart han beskriven som norsk teaters største eksportartikkel.
Espen Skjønberg vart fødd i Oslo 7. april 1924. Han vart fødd inn i ein skodespelarfamilie. Både mor hans Henny og faren Eugen Skjønberg var skodespelarar.
Han vart bisett frå Fagerborg kyrkje i Oslo.
(©NPK)
Skodespelar Espen Skjønberg vart onsdag bisett frå Fagerborg kyrkje. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.