Klargjør siden...

Etisk handel er meir enn berre lønn

(NPK-NTB): Tre av fire seier dei vil betale meir for kleda for å sikre akseptable lønns- og arbeidsforhold for tekstilarbeidarane. Men etiske produkt handlar om meir enn lønn, seier forskar.

I ei undersøking bestilt av Fremtiden i våre hender svarar 72,3 prosent at dei er villige til å betale ekstra for å sikre at dei som lager kleda har akseptable lønns- og arbeidsvilkår, skriv Vårt Land. 11 prosent seier dei ikkje vil betale meir, mens resten svarar «veit ikkje».

Forbruksforskar Ingun Grimstad Klepp seier det er bra at dei som syr kleda får ei skikkeleg lønn, men minner om at det berre er ein liten del av etikken rundt produkta vi kjøper.

– Nokre av dei aller største problema er på bomullsmarka. Der vassar menneske rundt i miljøskadelege stoff som DDT, og grunnvatn og dyrkbar jord blir øydelagt, seier Klepp, som jobbar ved Statens institutt for forbruksforsking (SIFO). Ho understrekar at det er viktig å vere bevisst på det som skjer før klesplagget får ein prislapp. Samtidig påpeiker ho at kontroll og merking byr på utfordringar.

– Marknaden er fullt av feilinformasjon. Viskose blir marknadsført som bambus, og forhandlarar kjem med vanvitige påstandar om eigenskapar ved tøyet. Det finst ingen kjappe løysingar for å sikre rettferdig handel. (©NPK)

Annonse