Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Politiet etterforskar om eit barn har vorte valdteke på asylmottaket Forus Akuttinnkvartering i Stavanger.
npk@npk.no
Publisert: 12.01.2016 kl 14:26
Sist oppdatert: 12.01.2016 kl 14:42
– Vi har ingen sikta enno, seier politioverbetjent Bjørn Kåre Dahl i Sør-Vest politidistrikt til Stavanger Aftenblad.
Politiet rykte ut til asylmottaket onsdag 6. januar etter å ha fått melding om ei mogleg barnevaldtekt på mottaket.
– Vi etterforskar saka som om det verste har skjedd, og då er det snakk om valdtekt av eit barn, seier Dahl.
Barnet vart sendt til valdtektsmottaket og deretter til barneavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus. Det skal vere snakk om eit lite barn. Dahl ser ikkje vekk frå at det kan vere snakk om fleire gjerningsmenn.
– Vi etterforskar saka vidare for å finne ut av kva som har skjedd. Dreier det seg om det vi fryktar, ei valdtekt av eit barn, er det veldig alvorleg. Men vi veit ikkje sikkert enno, seier han. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.