Etterforskarar: Eksplosjon om bord på EgyptAir-flyet

(NPK-NTB-AP): Egyptiske rettsmedisinarar seier at leivningane som er funne etter EgyptAir-styrten, tyder på at det har vore ein eksplosjon om bord.

66 personar var om bord då flyet forsvann frå radaren og styrta i Middelhavet torsdag førre veke. Det er enno ikkje klart kva som skjedde i minutta før styrten, men spekulasjonane har vore mange. Fleire ekspertar har uttalt at mykje tyder på at flyet er blitt utsett for eit angrep.

Flyet var på veg frå Paris til Kairo då det styrta. (©NPK)

Annonse