Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Mannen som i 13 år har vore etterlyst i heile verda, tiltalt for drapet på ein medelev i Nordreisa i Troms, er arrestert i Storbritannia.
npk@npk.no
Publisert: 31.03.2016 kl 09:58
No jobbar politiet i Troms med å få han utlevert., melder Nordlys.
I november 2001 vart Malik Yusuf arrestert og stilt for retten for drapet på medeleven Ali Ahmed Addi.
Yusuf vart frikjent for drapet i Nord-Troms tingrett, men saka vart anka. Men før saka kom opp for retten, rømde han frå Noreg.
Sidan 6. mars 2003 har han vore etterlyst i heile verda, og 26. februar i år vart han tatt av politiet i Bolton i Storbritannia.
– Dette viser at det internasjonale politisamarbeidet og etterlysinga gjennom Interpol har fungert, seier kriminalsjef Yngve Myrvoll til Nordlys. (©NPK)