Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Brannvesenet har delvis kontroll over brannen i eit terreng- og skogsområde på Skålahalvøya i Molde kommune. Ettersløkkinga er starta.
npk@npk.no
Publisert: 07.06.2016 kl 12:24
Sist oppdatert: 07.06.2016 kl 14:05
– Det ser ut som vi har ein viss kontroll. Brannhelikopteret er kome til staden, men det er ikkje avgjort om det skal setjast inn enno. Vi har fått nok mannskap, slangeutlegg og vassforsyning i området, og det er ei form for ettersløkking vi driv no, seier brannsjef Alf Magne Smørholm ved Molde brann- og redningsteneste til NTB i 13.30-tida tysdag.
Brannen er i området Røviklia, opplyser han.
110-sentralen i Møre og Romsdal opplyste tidlegare til TV 2 at dei ikkje hadde kontroll på brannen, og at det brann kraftig i eit område på rundt hundre gonger eit par hundre meter.
– Det gløder og ulmar i terrenget framleis, seier Smørholm.
Brannvesenet fekk melding om brannen rundt klokka 9.15 tysdag formiddag.
Sivilforsvaret og andre har delteke i sløkkingsarbeidet. Det er ikkje bustader i nærleiken av brannen, opplyser operasjonsleiar Siri Engdahl i Møre og Romsdal politidistrikt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.