Annonse

EU-bank gir milliardlån til utbygging av Flesland

(NPK-NTB): Den europeiske investeringsbanken (EIB) gir Avinor eit lån på 200 millionar euro til utviding og oppgradering av Flesland flyplass i Bergen.

Lånet skal blant anna finansiere ein terminal 3 på Flesland og ein togstasjon som kan styrke sambandet til Bergen sentrum, heiter det i ei pressemelding frå EU-banken. Summen utgjer over 1,8 milliardar kroner etter dagens kurs.

– Prosjektet vil auke kapasiteten og driftseffektiviteten på den nest travlaste flyplassen i Noreg, samtidig som miljøytinga blir forbetra, seier Jan Vapaavuori i EIB.

EIB er ein EU-institusjon og eigd av medlemslanda. Banken har finansiert prosjekt også i EFTA-land sidan 1994.

Avinor seier prosjektet i Bergen er viktig for flyplassoperatøren.

– Med denne transaksjonen drar vi nytte av ein fordelaktig marknad og betrar vår finansielle fleksibilitet ytterlegare, seier konsernsjef Dag Falk-Petersen. (©NPK)

Annonse