Klargjør siden...
Annonse

EU ber Tyrkia innstille offensiven i Syria

Leiaren i EU-kommisjonen, Jean-Claude Juncker, krev at Tyrkia stansar offensiven mot kurdiske militsgrupper i det nordlege Syria.

Juncker seier at EU ikkje vil bidra med pengar til oppretting av noka form for såkalla trygg sone i dette området.

- Eg ber innstendig Tyrkia og andre aktørar om å tenke seg om og stanse alle operasjonane som er i gang, sa Juncker i ein tale i EU-parlamentet.

Den franske regjeringa seier at dei saman med Tyskland og Storbritannia arbeider med ei felles fråsegn «som kjem til å vere ekstremt tydeleg» om at dei fordømmer offensiven i Syria på det sterkaste.

Det tyrkiske forsvarsdepartementet opplyser at USA, Russland og EU vart informerte om angrepet vel to timar før det starta. Tyskland, Frankrike og Storbritannia vart òg orienterte.

(©NPK)