Annonse

EU-forbod mot omstridt plantevernmiddel

EUs medlemsland har gitt grønt lys til eit forbod mot det kontroversielle plantevernmiddelet klorpyrifos.

Forbodet trer i kraft i 2020, opplyser EU-kommisjonen.

Plantevernmiddelet får då ikkje nokon ny godkjenning. Årsaka er ei vurdering frå EUs mattryggingsbyrå EFSA, som har konkludert med at det utgjer ein helserisiko.

Middelet er frå før forbode i åtte EU-land. Den amerikanske delstaten California gjorde det same i august.

Kjemikalium må godkjennast av ein ekspertkomité med representantar frå alle EUs 28 medlemsland for å kunne brukast og seljast i EU. Enkeltland kan òg avgjere om dei vil godkjenne produkt som inneheld enkeltstoff.

Etter at eit forbod har tredd i kraft, har selskap som har kjemikalia på lager, ein frist på tre månader til å kvitte seg med behaldninga.

I ei undersøking det svenske Livsmedelverket nyleg gjorde, vart det funnet spor av klorpyrifos i kvar femte sitrusfrukt, melder SVT.

(©NPK)