Klargjør siden...
Annonse

EU-sjefen foreslår skjerpa klimamål: Vil kutte 55 prosent innan 2030

Sjefen i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, går inn for klimakutt på minst 55 prosent innan 2030.

Dei auka ambisjonane vart kunngjorde i talen von der Leyen heldt i EU-parlamentet om tilstanden i unionen. I dag er målet til EU at klimautsleppa skal kuttast med 40 prosent frå 1990-nivå innan 2030.

– Vi må gå raskare, og vi må gjere ting betre, sa von der Leyen.

Store pengesummar

I talen varsla ho at dei skal revidera all klimalovgiving i EU skal innan neste sommar for å klargjere for det nye målet på 55 prosent.

Samtidig foreslo ho å bruke heile 37 prosent av den nye koronakrisepakka på 750 milliardar euro på EUs grøne giv. Von der Leyen vil bruke grøne obligasjonar til å skaffe 30 prosent av midla i krisepakken.

Hydrogen vart løfta fram som eit viktig satsingsområde, og von der Leyen kunngjorde at ho vil ta initiativ til oppretting av såkalla hydrogendalar for å modernisere europeisk industri.

Ho varsla òg ei «renovasjonsbølgje» for å redusere klimautsleppa frå bygg.

Rotevatn fornøgd

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) jublar over dei nye signala.

– Noreg har gjentekne gonger oppmoda EU til å heve ambisjonane sine til 55 prosent. Både statsminister Erna Solberg og eg har teke dette opp med kommisjonen fleire gonger. Eg er glad for å sjå at kommisjonen no foreslår same tal som vi har argumentert for, seier Rotevatn.

– Kommisjonsforslaget til forsterka klimamål for 2030 er ei svært god nyheit for klimaet i verda, seier han.

Varslar hydrogensatsing

Olje- og energiminister Tina Bru (H) bitar seg spesielt merke i korleis von der Leyen trekker fram hydrogen som ein viktig del av klimaløysinga.

– Her skal Noreg ta ei viktig rolle dei neste åra, både med teknologiutvikling og ved å etablere nye knutepunkt for å byggje opp ein fungerande hydrogenmarknad, seier Bru.

Ho meiner EUs skjerpa klimainnsats berre gjer det endå viktigare med omstilling i Noreg.

– Vi må skape grøn vekst og grønare arbeidsplassar for å bli verande konkurransedyktige i den viktige marknaden vår.

«Byrjinga på slutten»

Leiar av naturvernforbundet, Silje Ask Lundberg, meiner at det nye klimamålet må bety «byrjinga på slutten for Noregs olje- og gassavhengigheit».

– Noreg må reagere og med ein gong stake ut ein ny kurs for ei rask og rettvis omstilling av petroleumssektoren. Om ikkje risikerer vi å bli ståande med ein økonomi som er avhengig av produkt ingen vil ha og som driv verda mot ei svært alvorleg klimakrise, seier Lundberg.

(©NPK)

Som venta ønskjer Ursula von der Leyen større klimakutt i det komande tiåret enn det som har vore målet til EU til no. Foto: Aris Oikonomou / AP / NTB