Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
EU fordømmer drapet på den palestinsk-amerikanske journalisten Shireen Abu Akleh på den okkuperte Vestbreidda. USA og EU ber om gransking.
nils.inge.kruhaug@ntb.no/hallvard.ostrem@npk.no
Publisert: 11.05.2022 kl 16:54
EUs utanrikskontor krev i ei fråsegn ei uavhengig gransking av omstenda rundt drapet.
Den 51 år gamle Al Jazeera-journalisten vart drepen medan ho dekte ein israelsk militæroperasjon i ein palestinsk flyktningleir i Jenin onsdag morgon.
USA ber om at drapet på journalisten blir etterforska på «transparent vis».
– Vi oppmodar begge sider til å delta i etterforskinga, slik at vi kan finne ut kvifor dette skjedde, seier USAs FN-ambassadør Linda Thomas-Greenfield.
Arbeidsgivaren til Abu Akleh hevdar drapet var overlagt, og at israelske soldatar skaut henne i hovudet.
Israels statsminister seier det er «sannsynleg» at det var væpna palestinarar som løyste skota som drap journalisten.
Abu Aklehs kollega Ali al-Samudi vart såra i hendinga. Han seier det ikkje var nokon palestinske krigarar i nærleiken, og at dei begge hadde hjelmar og #vest merka med «PRESS».
Ein AFP-fotograf rapporterte at israelske styrkar opna eld i området, og at han deretter såg Abu Akleh liggjande på bakken. Ingen væpna palestinarar var, ifølgje fotografen til nyheitsbyrået, å sjå på det tidspunktet.
Den israelske hæren stadfestar at dei gjennomførte ein militæroperasjon i flyktningleiren. Men IDF-hæren nektar for at israelske soldatar gjekk målretta etter journalisten.
– Dødsfallet hennar er ein tragedie som aldri skulle ha skjedd, seier IDF-talsmann Amnon Shefler.
(©NPK)
Shireen Abu Akleh var korrespondent for Al Jazeera i dei palestinske områda og hadde arbeidd for den panarabiske TV-stasjonen sidan år 2000. Foto: Al Jazeera Media Network via AP / NTB
Båra med Shireen Abu Akleh, mangeårig Al Jazeera-korrespondent, ved eit likhus i Jenin på den israelskokkuperte Vestbreidda onsdag. Foto: Majdi Mohammed / AP / NTB