Klargjør siden...

EU-ministrar møtest etter Brussel-angrepa

(NPK-NTB-Reuters): Justis- og innanriksministrane i EU skal torsdag møtest i Brussel for å diskutere terrorangrepa i den belgiske hovudstaden.

Det ekstraordinære møtet går av stabelen klokka 16, opplyser Nederland, som har det roterande presidentskapet i EU.

Terroren tysdag ramma den internasjonale flyplassen og ein t-banestasjon og kosta minst 31 menneske livet. 270 personar vart skadde.

– Vi må stå samla, for angrepet i Brussel er eit angrep på det demokratiske Europa, seier innanriksministeren i Sverige, Anders Ygeman. (©NPK)

Annonse