Klargjør siden...

EU nærmar seg nye våpenreglar

(NPK-NTB): EU-landa har blitt samde om skjerpa våpenreglar dei håpar skal hjelpa i kampen mot terrorisme.

Jegerar og sportsskyttarar i Noreg, Sverige og Finland har vore svært skeptiske til det nye våpendirektivet i EU. Men den svenske innanriksministeren Anders Ygeman er ifølgje TT nøgd med kompromisset EU-landa blei samde om på fredag.

Saka er likevel ikkje ferdigbehandla i EU. No skal vedtaket til medlemslanda til forhandling med EU-parlamentet.

Direktivet inneber eit forbod mot at privatpersonar kan eiga heilautomatiske våpen, i tillegg til visse halvautomatiske våpen med store magasin, ifølgje TT, men med unntak for organisasjonar knytt til forsvaret. Vidare tek ein sikte på å stramma inn reglane for å skaffa seg dei farlegaste skytevåpena, innføra strengare reglar for våpensal på nett og skjerpa innsatsen mot våpensmugling gjennom betre sporing av våpen.

Det eksisterande våpendirektivet til EU gjeld også for Noreg. (©NPK)

Annonse