Annonse

EU opnar for sanksjonar mot Kviterussland

EUs utanriksministrar opnar for sanksjonar mot Kviterussland etter valet der president Aleksandr Lukasjenko vart attvald.

EUs utanriksministrar vedtok fredag på eit telefonmøte å innføre sanksjonar mot tenestemenn som er ansvarleg for dei harde reaksjonane mot demonstrantar som protesterer mot resultatet av valet.

På møtet bad Litauens utanriksminister Linas Linkevicius om at FNs menneskerettsråd held ein eigen sesjon for å behandle situasjonen i Kviterussland.

Svetlana Tikhanovskaja, som var den viktigaste utfordraren til Lukasjenko og som sjølv meiner ho vann valet, har søkt tilflukt i Litauen.

(©NPK)