Klargjør siden...
Annonse

EU-parlamentet seier ja til meir gass – miljørørsla rasar

EU-parlamentet trassa åtvaringane til miljørørsla og sa ja til å gi ei rekke nye gassprosjekt prioritert status.

Prosjekta er førte opp på ei liste over tiltak som skal styrkje energinettet i Europa på tvers av landegrensene. Ifølgje EU-kommisjonen skal prosjekta bidra til å oppfylle klimamåla, men likevel er fossilgass inkludert.

– Gass blir ofte omtalt som ei overgangsløysing, men det er ei forureiningskjelde som undergrev EUs klimaforpliktingar. Derfor burde ingen fossilgassprosjekt få prioritert status, seier Esther Bollendorff i organisasjonen Climate Action Network.

Lista omfattar òg fleire norske prosjekt, mellom anna Northern Lights som Equinor står bak. Tanken er å lage eit reservoar på havbotnen på norsk sokkel, der CO2 frå industri kan lagrast.

Dessutan står den omstridde kraftkabelen NorthConnect på lista, som vart utarbeidd før Storbritannia gjekk ut av EU. Kabelen skal sørgje for kraftutveksling mellom Noreg og Skottland, men har ikkje fått norsk godkjenning enno.

(©NPK)