Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Utanriksministrane i EU sluttar opp om Frankrikes forsøk på å blåse liv i fredsprosessen mellom Israel og palestinarane.
npk@npk.no
Publisert: 20.06.2016 kl 18:25
Sist oppdatert: 20.06.2016 kl 18:30
Dei 28 utanriksministrane i EU stiller seg bak det franske forslaget om å halde ein internasjonal fredskonferanse innan utgangen av året, skriv Haaretz.
EU-ministrane har òg vorte einige om å sy saman ein pakke med økonomiske, tryggingsmessige og diplomatiske insentiv dei kommande månadene for å lokke fram fredsviljen hos partane.
Ei av «gulrøtene» som Israel skal få presentert, er status som «spesiell og føretrekt partnar» for EU.
– EU er fast bestemt på å saman med andre internasjonale og regionale partnarar komme med eit konkret og stort bidrag til eit globalt sett av insentiv slik at partane inngår ein fredsavtale, heiter det i resolusjonen, som EU-landa vedtok i Brussel måndag. (©NPK)