Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Utanriksminister Børge Brende opna saman med Irans utanriksminister Mohamad Javad Zarif og EUs utanrikssjef Federica Mogherini det 14. Oslo Forum tysdag formiddag.
npk@npk.no
Publisert: 14.06.2016 kl 10:14
Hovudtema under nettverkskonferansen i år, som samlar konfliktmeklarar, politikarar og ulike aktørar i fredsprosessar til samtalar og møte på Losby gods, er dei mange konfliktane i verda.
– Vi lever i turbulente tider der internasjonal terrorisme, humanitære kriser og masseimmigrasjon dominerer den globale agendaen. Trenden er at konfliktane blir fleire og meir intense, sa Børge Brende då han ønskte deltakarane velkommen.
Han peikte på det faktum at meir enn 200.000 menneske har mista livet i krigar dei siste to åra – det høgste talet på på 25 år. Dessutan har talet på flyktningar nådd 70.000 – det høgste sidan andre verdskrigen.
Men alt er ikkje bekmørkt. Både Brende, Mogherini og Zarif peikte på at diplomati ber frukter, og viste til den svært viktige og banebrytande atomavtalen som vart inngått mellom Iran og stormaktene i fjor. Avtalen skal sikre at Irans atomprogram berre blir brukt til fredelege føremål, og førte til store lettar i sanksjonane mot landet.
– Verda er definitivt ikkje i ein god tilstand, men det finst måtar å finne løysingar på kompliserte saker på, fastslo Mogherini.
Mohamad Javad Zarif snakka også varmt om diplomatiske løysingar, og la vekt på at i krig er det ingen vinnarar – berre taparar i ulik grad. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.