EU ventar 3 millionar flyktningar og migrantar

(NPK-NTB): EU-kommisjonen trur det innan utgangen av 2017 har komme 3 millionar migrantar og flyktningar til EU.

I haustprognosen for Europas økonomiske utsikter som EU-kommisjonen la fram torsdag, ser ekspertane i Brussel for seg framleis store tal fram mot ei «gradvis normalisering» frå 2017.

Det største mengda er venta neste år med rundt halvannan million migrantar og flyktningar til EU.

– I alt vert det rekna med at det kjem 3 millionar menneske til EU i prognoseperioden, heiter det om dei økonomiske anslaga som strekker seg frå i år til og med 2017.

Om dei europeiske landa slepper dei inn på arbeidsmarknaden, kan den store tilstrøyminga virke positivt inn på økonomien, heiter det vidare

– Om visse vilkår vert innfridde, kan det ha ein moderat positiv innverknad, seier økonomikommissær Pierre Moscovici til pressa i Brussel. (©NPK)

Annonse