EU vil ha Noreg med i ein klubb for kritiske råvarer

EU jaktar stadig hardare etter kritiske råvarer, som mineral og aluminium. No er Noreg invitert inn i ein eigen klubb for dette.

– Eg har gitt ein munnleg invitasjon til Utanriksdepartementet og Næringsdepartementet, seier EUs ambassadør til Noreg, Nicholas De la Grandeville til NTB.

– Noreg har ein politisk visjon rundt dette. Og så er jo sjølvsagt Noreg ein viktig produsent av kritiske råvarer, seier ambassadøren.

EU brukar i dag rundt 25 prosent av råmateriala i verda, som kopar, nikkel, magnesium og aluminium. Men berre 3–4 prosent blir produsert i unionen, fortalde De la Grandeville på eit seminar på Arendalsveka måndag.

Fram mot 2050 vil etterspurnaden etter kritiske råvarer bli fleire titals gonger større enn han er i dag, ifølgje ambassadøren.

Frå oljealder til mineralalder

Samtidig ønskjer EU å frigjere seg frå Kina, som i dag kontrollerer ein stor del av dei kritiske råvarene i verda – som blir brukt i produksjonen av alt frå smarttelefonar til elbilar og havvindmøller. I dag får EU 98 prosent av sjeldne jordmetall og 93 prosent av magnesiumforsyninga frå Kina.

Ifølgje Georg Riekeles frå European Policy Centre har Noreg segla opp som EUs viktigaste ressurs når det gjeld mineral.

Til dømes står Hydro for rundt 40 prosent av all aluminium som blir produsert i Europa, medan Elkem står for mellom 20 og 30 prosent av EUs import av silisium.

– Alt ligg til rette for ein partnarskap. Vi er på veg frå oljealderen til mineralalderen, seier han.

Ny EU-forordning

Tidlegare i år la EU-kommisjonen fram eit forslag til ei ny forordning på kritiske råvarer – Critical Raw Materials Act (CRMA). Ho vil venteleg bli behandla i Ministerrådet og EU-parlamentet i haust.

Forordninga tek mellom anna til orde for eit hurtigspor for godkjenning av nye mineralprosjekt.

Men det er både Noreg og fleire EU-land skeptiske til.

– Alle europeiske land synest dette er vanskeleg. Vi treng desse minerala for det grøne skiftet, men det har fleire nedsider, til dømes miljøkonsekvensar og sosial motstand, seier Riekeles til NTB.

Etter at CRMA er ferdigbehandla og vedteke i EU, skal det vurderast om forordninga er EØS-relevant. Viss ja, må Noreg rette seg etter det nye regelverket.

Prøvesteinar

I juni la næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) fram mineralstrategien til regjeringa. Der går regjeringa mellom anna inn for å etablere eit hurtigspor for behandling av konsesjonssøknader for gruvedrift etter mineral.

Noreg har fleire gamle gruver som har vorte stengde, men som det no kan vere lønnsamt å starte opp igjen. Fleire søknader kan komme allereie i haust.

– Dette kjem til å bli ein prøvestein, kommenterte Aps Sverre Myrli, som sit i næringskomiteen på Stortinget, frå scena på Arendalsveka.

I tillegg har fleire organisasjonar teke til orde for gruvedrift på Fensfeltet i Telemark, som er Europas einaste førekomst av sjeldne jordartmetall. Men enno er det ikkje sett av ressursar til å kartleggje feltet.

– For fem år sidan diskuterte vi ikkje dette i det heile. Vi har ikkje sett alvoret. Men no må vi få opp farten, meiner Myrli.

(©NPK)

Fensfeltet i Telemark er truleg Europas einaste førekomst av sjeldne jordartsmetall. Hungeren etter slike kritiske råvarer er sterkt aukande i EU - som ngo vil ha Nore endå meir med på lag.
Foto: Javad Parsa / NTB / NPK