Annonse

Europacup-sjokk i Stavanger – Viking vidare etter overtidsmål

Viking kjempa lenge med nebb og klør heime i Stavanger, og kunne til slutt juble for avansement til 3. kvalifiseringsrunde til Conferenceligaen i fotball.

2-1-siger heime mot Sparta Praha gjer at Viking er vidare til neste runde i kvalifiseringa til Conferenceligaen i fotball.

Ein meisterleg snuoperasjon, regissert av Viljar Vevatne og Mai Traore, sende heile Stavanger by til himmels.

– Det er heilt, heilt sjukt. Ein skulle hatt pulsbelte alle som sat der. Det er vanvitig, det er utruleg kva berre eit par sekund kan gjere med kroppen, ein mistar det heilt, sa Zlatko Tripic til NRK etter kampslutt.

Eit Viking utan Hammarby-klare Veton Berisha vart trykt lågt frå start heime i Stavanger. Rogalendingane vart mellom anna redda av metallet etter vel 20 minutt.

Like før pause sprakk til slutt nullen for Viking etter mål frå Jaroslav Zeleny. Få minutt seinare hamra likevel Viljar Vevatne heimelaget tilbake i kampen. På overtid sørgde ein gedigen forsvarstabbe og ein kontrollert Mai Traore-avslutning for at snuoperasjonen var komplett.

– Det er mykje glede og lette no. Vi er veldig lykkelege og skal setje pris på slike augneblinkar. Det var sterkt å mobilisere så mykje midt i fellesferien, sa Tripic.

Etter eit grunnsolid 0-0-resultat i heksegryta i Praha førre veke, var draumen til siddisane om avansement i kvalifiseringa til Conferenceligaen i god behald før bataljen i Stavanger torsdag.

Vikings trenarduo Bjarte Lunde Aarsheim og Morten Jensen gjorde ingen endringar frå bortemøtet i Tsjekkia. Det betydde mellom anna ein skadeplaga Zlatko Tripic frå start.

Rogalendingane møter Sligo Rovers (Irland) i 3. kvalifiseringsrunde til gruppespelet i Conferenceligaen. Det vart klart etter at dei slo Motherwell (Skottland) 3–0 samanlagt.

Den første kampen mellom laga er i Stavanger den 18. august. Returoppgjeret i Irland blir spelt éi veke seinare.

(©NPK)

Viking kunne til slutt juble for eit overraskande avansement då dei slo Sparta Praha 2-1 i 2. kvalifiseringsrunde til conferenceligaen i fotball. Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Viljar Vevatne sendte av garde eit prosjektil like før pause av kampen heime mot Sparta Praha i 2. kvalifiseringsrunde til conferenceligaen i fotball. Foto: Jan Kåre Ness / NTB