Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Dei omstridde endringane i Polen den siste tida undergrev rettsstaten, meiner menneskerettssjefen i Europarådet.
npk@npk.no
Publisert: 15.06.2016 kl 15:28
– Dei vidtrekkande endringane i det juridiske og institusjonelle rammeverket i Polen truar menneskerettane og rettsstaten. Dei folkevalde og regjeringa bør raskt endre kurs, seier menneskerettskommissær Nils Muižnieks i Europarådet i ei fråsegn.
Muižnieks uroar seg særleg over endringane i den polske forfatningsdomstolen, som har gjort det mykje vanskelegare for medlemmene der å gripe inn mot nye lovforslag.
– Rettsstaten krev at alle løysingar blir tufta på respekt for avgjerdene i forfatningsdomstolen, seier han.
Muižnieks ser òg med uro på dei nye overvakingslovene og den strammare statlege kontrollen med offentlege medium.
EU er òg kritisk til endringane som har komme i Polen etter at det nasjonalkonservative partiet Pis kom til makta fjor. EU har sendt ein formell åtvaring til polakkane med krav om endringar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.