Klargjør siden...

Europarådet skal granske barnevernet

(NPK-NTB): Europarådet skal granske om norsk barnevern bryt menneskerettane etter den mykje omtalte barnevernssaka i Naustdal.

– Noreg har som alle andre land godt av å bli kika i korta om vi etterlever menneskerettane, seier Ingjerd Schou (H) til NRK.

Schou er leiar i den norske delegasjonen i Europarådet og presiserer at ho uttaler seg om barnevernet generelt, ikkje om Naustdal-saka spesielt.

Barnevernet tok i fjor haust fem barn frå eit norsk-rumensk foreldrepar i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane. I sommar fekk foreldra barna tilbake, men politiet tok ut tiltale mot paret. Paret, som no er tiltalt for vald mot barna sine, har flytta til Romania.

Saka har skapt stort engasjement og sterke reaksjonar, og i fleire land – både i Europa og i Nord-Amerika – har det vore store protestar mot det norske barnevernet.

– Stort sett er det mykje bra i Noreg, men det er ikkje slik at menneskerettane berre blir brotne i andre land, men aldri i Noreg, seier Schou. (©NPK)

Annonse