Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Over 1.500 våpen er beslaglagde i ein internasjonal politiaksjon i fleire europeiske land mot modifiserte pistolar.
jacob.hildrum@ntb.no
Publisert: 14.01.2022 kl 15:39
Europol hadde eit ønske om å stengje ned den ulovlege handelen av modifiserte «alarm pistols». Det er våpen som fyrer av ikkje-dødelege gasskuler eller lauspatroner.
Våpena blir stadig oftare brukte av kriminelle sidan dei relativt enkelt kan byggjast om til å fyre av skarp ammunisjon. Dei er òg langt billigare enn ekte pistolar og heilt lovlege innanfor EUs grenser. Våpena blir smugla til land utanfor eurosona, der innehaving og handel er strengt regulert.
Etterforskarar frå 24 land deltok i operasjonen. Rassiaene gjekk føre seg i Bulgaria, Nord-Makedonia og Romania. Minst 260 heimar vart ransaka, og over 17.000 gjenstandar vart beslaglagde, opplyser Europol.
(©NPK)