Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dei rundt 50 bebuarane som vart evakuerte etter eit jordras i eit bustadfelt i Inderøy kommune i Trøndelag natt til måndag, får returnere til bustadene sine.
Publisert: 13.02.2023 kl 07:10
Sist oppdatert: 13.02.2023 kl 12:17
Ein geolog har vore på staden og vurdert at det er trygt for dei evakuerte å reise heim. Det melder Adresseavisen.
Politiet fekk melding om raset rett etter klokka 1 natt til måndag. Det vart først meldt at raset skulle vere rundt 50 meter breitt, men seinare viste det seg å vere på rundt ti meter.
Raset gjekk like ved eit bustadhus på Kvistadbakken bustadfelt, og sjølve Kvigstadveien er stengt ved staden. Rundt 50 bebuarar vart evakuerte – og då var alle dei 24 bustadene i den aktuelle vegen tømt, skriv Adresseavisen.
Det er sendt ut oransje varsel om regn i delar av Trøndelag og oransje farevarsel for flaum- og jordskred for delar av Trondheimsfjorden.
(©NPK)