Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Everton-trenar Sean Dyche var alt anna enn imponert etter at Manchester City fekk tildelt straffespark etter ein handssituasjon på Goodison Park onsdag kveld.
Publisert: 28.12.2023 kl 09:24
Med ein halvtime igjen fekk gjestene moglegheita frå ellevemeteren etter at eit skot frå Nathan Aké trefte høgrearmen til Amadou Onana. Det fekk Sean Dyche til å reagere.
– Veit du kva? Eg har inga aning om kvifor det er straffe, og det trur eg ingen andre har heller. Vi hadde eit zoom-møte for nokre månader sidan der vi fekk forklart reglane, men ingen trenarar skjønner kva som er straffbar hands, og kva som ikkje er det. Korleis skal vi klare å definere det? spurde ein misfornøgd Dyche på pressekonferansen etter kampen.
Vidare sende han eit syrleg stikk i retning reglementet.
– Du tek i bruk krystallkula. Viss Amadou gjorde det med vilje, er han i så fall ei god målvakt, fordi han reagerte som ein katt. For ei redning, sa ein ironisk Dyche.
City vann oppgjeret på Merseyside 3-1 etter å ha lege under 0-1 til pause. I fråværet av Erling Braut Haaland sørgde Phil Foden, Julian Alvarez og Bernardo Silva for måla.
(©NPK)
Sean Dyche var skuffa etter kampen mot Manchester City onsdag. Foto: Ian Walton / AP / NTB