Klargjør siden...
Annonse

F-35-fly har rykt ut frå beredskapsbasen på Evenes

F-35-fly frå Evenes' QRA-beredskap rykte ut ved 10-tida, stadfestar Forsvarets operative hovudkvarter.

– Vi kan ikkje seie noko meir så lenge oppdraget går føre seg, seier Marius Vågenes Villanger ved Forsvarets operative hovudkvarter til Harstad Tidende.

Noreg løyser QRA (Quick Reaction Alert) på vegner av Nato. Oppdraget inneber at Noreg døgnkontinuerleg har to F-35 i beredskap.

Dersom eit ukjent luftfartøy nærmar seg Noregs og Natos luftrom, rykkjer F-35 ut frå Evenes og er i lufta innan 15 minutt.

(©NPK)

Annonse