Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Mina Fürst Holtmann gjekk til topps i storslalåmrennet i europacupen i Folgaria i Italia på måndag. Sigeren var den andre på like mange dagar.
stian.grythaugen@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 24.02.2020 kl 15:08
Sist oppdatert: 24.02.2020 kl 16:37
Holtmann leidde med ti hundredelar på Doriane Escane frå Frankrike etter førsteomgangen og forsvarte leiinga i den andre. Ho vann til slutt med 29 hundredels sekund.
Slovenaren Ana Bucik tok tredjeplassen, slått med 1,33 sekund av den norske alpinisten.
Maria Therese Tviberg køyrde ned til sjetteplass, 1,77 sekund bak vinnaren. Kristin Lysdahl og Kaja Norbye vart nummer 15 og 16.
Også søndag gjekk Mina Fürst Holtmann til topps i storslalåmen i Folgaria. Då var ho heilt i ein eigen klasse. Sigersmarginen vart til slutt på meir enn eitt sekund.
(©NPK)
Mina Fürst Holtmann køyrde ned til siger i euroropacupstorslalåmen i Italia måndag. Foto: Giovanni Auletta / AP / NTB scanpix