Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Dei første F-35A-flya er stridsklare, melder det amerikanske forsvaret. Noreg skal kjøpe inntil 52 kampfly av denne typen.
npk@npk.no
Publisert: 03.08.2016 kl 07:29
Forsvaret kunngjer at den første skvadronen er klar til kamp, noko som blir sett på som ein milepæl. Utrullinga av flya har blitt forseinka og utsett for kostnadsoverskridingar.
Dei tolv kampflya er stasjonerte på ein luftbase i Utah. Dei har gjennomgått testar og øvingar og er no godkjende for strid. Forsvarskjeldene seier ikkje når skvadronen kan bli sendt i kamp, men seier at flya truleg kan sendast til utlandet tidleg i 2017.
Flya var ferdig produsert i september i fjor, og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) deltok i seremonien då Noregs første F-35A-kampfly vart rulla ut av Lockheed Martin-fabrikken i Fort Worth i delstaten Texas. Noreg skal kjøpe inntil 52 F-35A-fly med våpen og utstyr. Frå 2019 vil F-35A gradvis overta oppgåver frå F16, ifølgje forsvarsdepartementet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.