Annonse

Få eldre somaliarar vaksinerte i Oslo

Oslo kommune slit med å få vaksinane fram til nokre av dei som treng dei mest. Berre éin av tre somaliarar over 75 år har vorte vaksinert.

Blant norskfødde over 75 år er vaksinasjonsgrada 95 prosent, skriv Aftenposten.

Innvandrarbefolkninga har vorte særleg hardt ramma av pandemien og eldre innvandrarar i Oslo er blant dei som i størst grad treng å bli vaksinerte. Men dei hardast ramma gruppene har òg lågast vaksinasjonsgrad, viser tal Folkehelseinstituttet har gitt til Oslo kommune, som Aftenposten har fått innsyn i.

Personar i det somaliske miljøet som Aftenposten har snakka med, trur det kan vere fleire forklaringar på den låge vaksinasjonsgrada. Nokre somaliarar som er registrerte i Noreg, bur kanskje ikkje i landet lenger. I tillegg blir uroa omkring AstraZeneca-vaksinen trekt fram.

Oslo kommune veit ikkje kvifor det er så låg vaksinasjonsgrad i enkelte befolkningsgrupper. Dei veit at nokon takkar nei, men òg at vaksinekontoret ikkje får tak i alle.

– Vi er bekymra for at folk i utsette grupper ikkje vaksinerer seg. På sikt aukar det faren for utbrot, seier integreringsbyråd Rina Mariann Hansen (Ap).

Det bur nesten 17.000 personar med somalisk opphav i Oslo. Dei er den tredje største innvandrargruppa, etter folk med bakgrunn frå Polen og Pakistan.

(©NPK)

Berre éin av tre somaliarar over 75 år er blitt vaksinerte. Foto AP/NTB