Facebook-grunnleggjar mål for personvernsøksmål

Mark Zuckerberg blir skulda personleg i eit søksmål der det blir hevda at han var direkte involvert i personvernskandalen med Cambridge Analytica.

Riksadvokat Karl Racine meiner Zuckerberg var tett på oppbygginga av rammeverket som la til rette for at det britiske konsulentselskapet kunne hente ut opplysningar om over 70 millionar Facebook-brukarar i USA. Ein varslar avslørte i 2018 at opplysningane vart brukte politisk, mellom anna til å skaffe støtte til Donald Trump.

– Zuckerberg er ikkje berre ein frontfigur. Han er personleg involvert i nesten alle avgjerder i selskapet, skriv Racine i søksmålet, som er meldt inn i hovudstadsregionen.

Han seier Zuckerbergs kontroll er bakt inn i strukturen til selskapet, der Zuckerberg – som framleis er den øvste leiaren i selskapet – har fleirtalet av dei stemmeføre aksjane. Riksadvokaten i Washington saksøkte Facebook for personvernpraksisen i 2018, ei sak som framleis går føre seg.

Morselskapet Meta har så langt ikkje svart på påstandane i det nye søksmålet. Talsmann Andy Stone påpeikar likevel at ein dommar tidlegare avviste Racines forsøk på å inkludere Zuckerberg personleg i personvernsøksmålet.

I kjølvatnet av skandalane rundt Cambridge Analytica vart Facebook gitt ei bot på 5 milliardar dollar. Dei vart også pålagde å styrkje personvernet. Facebook fjerna tilgangen til brukardata for tusenvis av applikasjonar som vart misbrukte for å misbruke denne informasjonen.

(©NPK)

Riksadvokaten i Washington meiner Mark Zuckerberg var personleg involvert i å leggje til rette for det som utvikla seg til ein personvernskandale rundt selskapet Cambridge Analytica. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB