Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Facebook snur etter protestane frå Erna Solberg, Aftenposten og andre og tillèt deling av Nick Uts kjente bilete frå Vietnamkrigen.
npk@npk.no
Publisert: 09.09.2016 kl 19:54
Sist oppdatert: 09.09.2016 kl 20:23
– På grunn av statusen det har som eit ikonisk bilete med historisk betyding, veg verdien av å tillate deling opp for verdien av å verne samfunnet ved å fjerne det, skriv ein talsperson for Facebook i ein e-post til nyheitsbyrået AFP.
– Vi har derfor bestemt oss for å setje biletet inn igjen på Facebook, der vi er klare over at det har blitt fjerna, seier den anonyme talspersonen.
Under vignetten «Dear Mark Zuckerberg» skriv Aftenpostens sjefredaktør Espen Egil Hansen at Zuckerberg må innsjå at han i dag er «verdens mektigste redaktør» og at han misbruker denne makta.
Hansen seier bakgrunnen for brevet var at avisa hadde fått beskjed om å slette biletet, som dei hadde brukt som illustrasjon i ein artikkel Aftenposten delte på Facebook.
– For meg er dette mest av alt ei tydeleg påpeiking overfor Facebook at dei må endre policyen på dette området. Og dei må kunne klare å lage teknologiske løysingar – eller løysingar der reelle menneske er inne i vurderingane av tvilstilfelle – som gjer at vi ikkje mistar viktige bilete frå vår tid, sa Erna Solberg tidlegare fredag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.