Annonse
Annonse
Annonse

Fall i verdiane til Røkke

(NPK-NTB): Verdiane i Kjell Inge Røkkes Aker fell. Nedgang i oljeprisane er hovudårsaka.

Annonse

Aker hadde eit underskot før skatt i tredje kvartal på 570 millionar kroner, mens underskotet for same periode i fjor var på 276 millionar.

Driftsresultatet enda på minus 60 millionar, samanlikna med eit fjorårstal på minus 63 millionar kroner.

Marknadsverdien til holdingselskapet minus gjelda har falle ti prosent, 2,1 milliardar, i tredje kvartal viser tala. Industrikonsernet blir no verdsett til 18,9 milliardar kroner.

– Den gunstige utviklinga i år i Akers verdijusterte eigenkapital tok ein pause i tredje kvartal fordi oljeprisen tok eit nytt dykk, seier konsernsjef Øyvind Eriksen. (©NPK)