Fallet heldt fram på Oslo Børs

(NPK-NTB): Hovudindeksen på Oslo Børs fall 1,4 prosent til 587,34 poeng tysdag.

Dermed heldt nedturen fram etter fallet på 1,5 prosent måndag.

Statoil-aksjen var den mest omsette tysdag med ein kursnedgang på 1,7 prosent. DNB fall 0,8 prosent, Telenor fall 2,2 prosent, Norsk Hydro fall 0,7 prosent og Yara fall 1,9 prosent.

Marine Harvest låg flatt, medan Norwegian var eitt av få selskap som gjekk mot straumen med ein kursoppgang på 0,6 prosent.

Også dei europeiske børsane hadde raude tal tysdag. I London fall FTSE 100-indeksen 1,6 prosent, medan CAC 40-indeksen i Paris fall 2,0 prosent, og DAX 30-indeksen i Frankfurt fall 1,2 prosent.

Eit fat nordsjøolje av Brent-kvalitet blei tysdag ettermiddag omsett for 49,67 dollar, noko ned frå dagen før. (©NPK)

Annonse