Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AP): Fransk politi fann kokain, elleve telefonar og 2.600 euro i kontantar heime hjå ein av dei som er arrestert etter massakren i Nice.
npk@npk.no
Publisert: 18.07.2016 kl 16:14
Ifølgje politiet blei narkotikaen, telefonane og pengebeløpet, som svarar til drygt 24.000 kroner, funnen heime hjå ein albansk mann.
Mannen er ein av sju som er arrestert etter at 31 år gamle Mohamed Lahouaiej-Bouhlel torsdag køyrde ned og drap 84 menneske på strandpromenaden i Nice.
Tre av dei arresterte blei måndag flytta til den franske etterretningstenesta hovudkvarter i Paris og kan bli tiltalt for terrortilknyting, opplyser franske sikkerheitskjelder.
Kva forbindelse den albanske mannen har til Lahouaiej-Bouhlel er ikkje kjent, men franske medium har tidlegare meldt at eit albansk par var arrestert, mistenkt for å ha forsynt gjerningsmannen med våpen.
Tunisiaren Lahouaiej-Bouhlel blei skutt og drepen av fransk politi, men fyrst etter å ha køyrd i 2 kilometer gjennom folkemengda som feira den franske nasjonaldagen på strandpromenaden i Nice. (©NPK)