Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Over 1.000 bryggjeriarbeidarar i 33 bedrifter over heile landet blir tekne ut i streik 1. juni dersom meklinga med arbeidsgjevarane ikkje fører fram.
npk@npk.no
Publisert: 27.05.2016 kl 11:12
Meklinga mellom Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) og NHO Mat og Drikke startar måndag 30. mai, og fristen er 31. mai ved midnatt.
Det blei brot i lønsforhandlingane for bryggeri- og mineralvassbransjen i midten av april.
Bransjeansvarleg og forhandlingsleiar Stein Hagala i NNN sa då til NTB at det på to dagars forhandlingar «har skjedd lite» med krava dei stilte i oppgjeret.
– Vi håpar at vi med hjelp frå meklaren skal greia å finna løysingar.
Det har ikkje vore streik i bryggjerisektoren sidan 2004, og NNN seier dei håpar på ei snarleg semje i forhandlingane.
Ein eventuell streik vil i første omgang ramma Coca-Cola, EC Dahls Bryggeri, Grans Bryggeri, Macks Ølbryggeri, Ringnes, Telemark Kildevann og Voss Production AS. (©NPK)